WORK   2006
Bergen Kunsthall No.5
Solo show with Solveig Øvstebø

Galleri NO. 5
Terje Nicolaisen
Bergen Kunsthall, Bergen
7 September — 1 October 2006

Slaughtered in the local art press, loved by collectors. norwegian nynorsk

By Lilly Vinje 27.09.06 Review

Terje Nicolaisen er kjent for sitt stadig skiftende kunstneriske uttrykk, fra intervensjoner i det offentlige rom til slackertegning. I utstillingen som nå vises på Bergen Kunsthall viser han malerier. Vår anmelder etterlyser mer substans, alvor og fotfeste.

Utstillinga består av fem store arbeid på papir, hovudsakleg akryl, vannfarge, blekk og blyant, frå 2006. World illustrerer at Nicolaisen er god på ulike perspektiv og dimensjonar i eitt og same bilete, óg god på sammensurium… For her er det «Tufta møter teikneserie møter barneteikning». Såleis er det science fiction-aktig, men om her ikkje er gjenkjennelege element så er det iallfall muleg å få eit visst grep om det, eller? Til dømes kan motivet minna om flyinstruksar for evakuering. Og så då?

På neste bilete, Sunsets, står det «The Caribbean`s most spectacular sunsets» og det må det jo vera ettersom det er ganske spektakulert at ein gul bil vert skubba av oransje menn over horisonten. Her går assosiasjonen reint visuelt til interiørblad og liknande ettersom forgrunnen er ein terrasse med solstolar. Dette, så vel som stort sett alt i utstillinga, er teikna og mala heller skjematisk. Kunstnaren lagar konturar, antydningar som han så fyller i eller lar vere, og her er glidande overgangar mellom ulike element. Om det drypp, renn eller skvettar verkar ikkje vera nøye. Stoffet er med vilje både presist og ei. Det siste kunne han kanskje ikkje bevisst ha vore utan å ha evnen til det fyrste i botn. På det viset minner han i dette verket både utførings- og motivmessig om David Hockney. Utstillaren sin bruk av vannfargar er kanskje som den er, uvøren meirsom, fordi han kàn mala og difor også kan gjera det nærmast motsette. Han kunne nok lett ha infiltrert forbundet for munn- og fotmalarar. Og nei, eg trur ikkje det er viktig at eg gjer greie for om det var eit kompliment eller ei.

I Rest demonstrerer Nicolaisen at han og har finkjensle for streken, i dette tilfelle i å laga hovud, fjes og torso. Dei er individuelt og fantasifullt danna, nokre vanlege, andre usannsynlege. Generelt får eg lite eller ingenting ut av kunstnaren sine motiv. Han gir form vèl mykje forrang, spesielt sidan han tidvis tilsynelatande prøver å drita ut det visuelle og det formmessige. Streken er uansett delikat, dessutan modig lite bearbeida. I det heile tatt er han vel veldig betimeleg i uttrykket, for no for tida er det visst in med teikning. At streken no liksom er hevdvunnen skyldast meir journalistar sin auka fokus. Streken har alltid vore eit fundament.

Kva skjer i Revolution? Ingen veit, bortsett frå at motivet har eit militært preg både fargemessig og oppstillingsmessig, men det hadde vore artig å sett det i ein teiknefilm variant, ala Jørgen Leth sin i De fem benspend. Stundom mistenkjer eg kunstnaren for ikkje å ta innover seg sitt eige utsagn om at mange verk er på sitt beste når dei er forslag, at dei misser potensialet når dei vert gjennomført. Men så var det den gjennomførte ironien… Ein ironi ikkje berre han sjølv men også andre trekkjer fram i sin omtale av han. Er Bergen Kunsthall ute etter Norsk Sokkel Award 2006? Det ville vel i så fall ha vorte eit av hans realiserte verk, ein performance som mista potensen. (Norsk Sokkel Award er ein pris han sjølv har danna og delt ut to gonger, og Norsk Sokkel er for øvrig hans eige forlag/kunstprosjekt.)

Situation er så og seie det einaste som appellerer nokolunde og til ei viss grad er tiltalande estetisk sett. Her er duse fargar og ei fantastisk oppfinnsom sol for å nemna noko, så koloristen og formgjevaren glimtar til. Det viktigaste er dog den usikkerheita ein fornemmer, eit ubestemmeleg landskap der tre figurar befinn seg og dei uavklarte relasjonane dei imellom. Er den eine Mette Marit eller brura frå Kill Bill? I alle tilfelle er det eit verk som genererer ein viss kontemplasjon og som set deg i ei stemning som heng i. Endeleg vert du som betraktar meir eller mindre fri frå kunstrundgangen, som om ein så og seie slepp vekk frå kunstmodusen og det å betrakta si eiga betraktarrolle.

Nicolaisen er kjent for å tematisera kunst, for å ha eit metaaspekt. Gardar Eide Einarsson har påstått at Terje beheld ein utanforståande sin distanse. Det trur eg ikkje på. Og at han hoppar frå det eine uttrykket/sjangeren til det andre taler ikkje særleg til hans fordel. Har han hengt seg opp i sitt eige spel, Museo de Pasatiempo? Det er eit spel eller ein modell kunstnaren har produsert og tilbyr i fylgje han det ultimate tidsfordriv for kunstfolk, å plassera kunstverksbitar i eit liksom musealt rom, og etterpå kan spelet brukast til pynt. – Bergen Kunsthall speler med, på same lag, spelet stagnerer og pyntar heller ikkje opp. Har Nicolaisen gått seg vill i den kvite kuben? Han inngår iallfall i kunsthallen si prioritering av sine eigne, for den profiterer og vegeterer på sånne utstillingar, jamfør til dømes den nemnde Einarsson og Matias Faldbakken sin Rank Xerox frå 2004 og Dragset og Elmgren si festspelutstilling sist sommar.

Desse fem er som synsarar i kunstriket. Enten så veit dei kva som rører seg eller så set dei dagsorden. Kunsthallen legg til rette og stiller seg til disposisjon som ein reell storleik i spelet. Ein kunsthall er plassen å vera om du vil opp og fram i den postmoderne kunstverda, og den type kunstnarar kjenner prosedyren. Det er som om dei (enno) tar auraen frå kunstverket, gjerne også statusen frå kunstnaren, og overfører den til kunsthallen som så i sin tur stiller ut sine konseptuelle og lokalitetsmessige fortrinn. Ein vinn-vinn-situasjon; partane bit kvarandre i halen, og ein ny ein poppar fram. Eg klagar ikkje.

Eg etterlyser meir substans, alvor og fotfeste.

Galleri NO. 5
Terje Nicolaisen
Bergen Kunsthall, Bergen
7 September — 1 October 2006

Installation view Bergen Kunsthall 2006
Revolution (2006), Ink, watercolour on paper, 2650 x 1650 mm. Courtesy of Bergen Kunstmuseum KODE
Sunsets (2006), Ink, watercolour on paper, 2650 x 1650 mm. Courtesy of Galleri Riis
Installation view Bergen Kunsthall 2006
Situation (2006),Ink, watercolour on paper, 2650 x 1650 mm. Courtesy of Nordea Art Collection
Rest (2006), Ink, watercolour and permanent marker on paper.
World (2006), Ink, watercolour on paper, 2650 x 1650 mm.
Billboard at Bergen Kunsthall